Kom
9.-12. JULI
Heimatt

Program
Tre dagar fylt med aktivitetar, underhaldning og samvær. Noko for alle — uansett om du kjem for konkurransen, konserten eller berre kosen.
Billettar & påmelding
Forhåndkjøping av billettar.
I år sel me billettar på førehand. Billettar kan du snart få kjøpt her på sida!
- E❤️Lærdal-kvelden torsdag er gratis — ingen billett nødvendig
- Honnørrabatt for alle over 55 år
- Hugs gyldig legitimasjon dersom du er under 25!
- Hugs godt humør — komiteen gjer alt dei kan for å sikre god stemning
Meld på laget ditt!
Påmeldinga til Slaget om Lærdal åpnar snart!
Reglane er enkle:
- Alle deltakarar må vere myndige
- Maksimalt 5 deltakarar per lag
- Har de færre enn 5 på laget? Ingen problem — arrangørane kan tildele fleire spelarar til laget dykkar. Dette skjer i samråd med dykk på førehand.

Merch
Vil du vise at du høyrer til? Kom Heimatt-merch er tilgjengeleg hjå Sognasmak i deira opningstider. Stikk innom og ta med deg eit minne frå årets festival heim.
Obs! Produkt/lager kan variere.
Sognasmak · Lærdalsvegen 714




Info om når og kvar kjem snarleg. Hugs å ha ordrestadfesting klar — anten på telefon eller utskrive.
Opningstider varierer frå dag til dag. Sjå programsida for nøyaktige tidspunkt for kvar dag.
Eit lag består av maks 5 personar — men det er ikkje noko krav om å vere nøyaktig 5. Færre er også heilt greitt.
Ta kontakt med oss, så hjelper me deg å finne ein plass. Send ein melding til oss på Facebook eller på Instagram!
Ta kontakt med oss, så ser me om me kan matche dykk med nokon som treng ein plass. Send ein melding til oss på Facebook eller på Instagram!
Bli frivillig på Kom Heimatt!
Kom Heimatt er ingenting utan dei frivillige! Vil du oppleva festivalen frå den andre sida?
Som frivillig får du eit unikt innblikk i korleis festivalen fungerer bak kulissane – samtidig som du bidreg til at eit av Lærdals kjekkaste arrangement blir både trygt og triveleg for alle deltakarar.
Kva kan du bidra med? Vel oppgåva som passar for deg!
- Opprigg: fredag kl. 15.00
- Trivselsvakt: fredag frå kl. 18.00 og utover kvelden, og laurdag frå kl. 21.00–02.30
- Bilrebus-vakt: laurdag kl. 10.30–17.00
- Dørvakt: fredag og laurdag
- Nedrigg: søndag kl. 11.00
Kva får du som frivillig?
Du blir del av eit hyggeleg og inkluderande miljø, med både folk du kjenner – og nye bekjentskap!
Alle frivillige får:
- Kom Heimatt T-skjorte
- Mat og drikke på vakt
- Felles middag: Som takk for innsatsen inviterer vi alle frivillige til pizza på Laksen søndag 12. juli kl. 16.00. Kom Heimatt spanderer pizza + 1 eining!
Vil du bli med på laget?
Ta kontakt med Marte Nedberge på tlf. 48 12 10 89.




OM KOM HEIMATT
I 2005 stod Lærdal ovanfor eit problem mange norske bygder kjenner godt: folk flytta ut, og folketalet sokk. Svaret vart ikkje berre planar og politikk — det vart ein festival – Kom Heimatt.
Festivalen vaks raskt til noko større enn eit reint tilflyttingstiltak. Den vart ein tradisjon. Ein stad der Lærdal-folk frå heile landet møtest kvart år for å feire bygda si, kvarandre og alt det som gjer heimstaden verdt å sakne.
Tiltaka har vore mange gjennom åra — nokre meir utradisjonelle enn andre. Ei stund kunne du faktisk få sponsa eit heilt års bleieforbruk dersom unnfangingsdatoen let seg spore tilbake til Kom Heimatt-helga. Målet var at folk skulle bli verande og stifte familie i Lærdal.
I dag er veksten ein realitet, og festivalen lever vidare — ikkje lenger som eit verkemiddel, men som ein årleg tradisjon lærdølane ikkje vil vere forutan.
Nyhende
Følg med for nyhender og oppdateringar før og under festivalen!



